I eit klasserom på Grålum ungdomsskole i Sarpsborg ...
Maximus Emrat Dørje (14) følgjer tilsynelatande nøye med.
Men kva er dette – sit ikkje guten og teiknar i timen?!
Er dette så smart bruk av skuledagen, Maximus?

Kunstnaren Maximus

14-åringen har tent ein halv million kroner på kunsten sin.

Når skuledagen er ferdig, blir vi med Max (som vennane kallar han) heim til Soli brug.

Her driv faren, onkelen og bestefaren eit kunstgalleri på det som ein gong var Nord-Europas største sagbruk.

Det var bestefar og biletkunstnar Ole Dørje som lærte Max å teikne for fire år sidan.

– Han lærte meg om perspektiv og sånn. Så begynte eg å meistre det, og då begynte det å bli gøy, for eg vart ganske god, seier Max.

Guten vart fullstendig hekta. Han melde seg på ein talentkonkurranse på skulen og vann førstepremien med ei fargerik teikning av skyskraparar.

Tolv år gammal selde han sitt første kunstverk: «A day in South America».

Max si store inspirasjonskjelde er kunstnaren Terje Brofors, betre kjent under aliaset Hariton Pushwagner (1940 – 2018).

Pushwagner stilte ofte ut bilda sine på Soli brug. Max møtte den eksentriske mannen med solbriller og dress fleire gongar.

«Pushwagner har ein veldig morosam strek med mange detaljar. Eg ser veldig opp til han.»

Maximus Emrat Dørje

Den 14 år gamle kunstnaren er svært vidfaren. Han har vore i 25 land og besøker ofte Thailand der mora kjem frå.

På reise nyttar han høve til å besøke fancy restaurantar og cocktailbarar.

– Eg har møtt mange rare kunstnarar og vore på mange rare festar, forklarer Max.

Max har brukt erfaringane frå reisene til å skape eit nytt kunstprosjekt som han vier all ledig tid til: «Club Papiros».

«Club Papiros» er ei rekke teikningar av ulike fiktive barar og restaurantar, lagt til ulike metropolar på 1980-talet.

Max jobbar omstendeleg og nøye. Først teiknar han heile teikninga med blyant, deretter filtpenn, så fargelegg han med tusj til slutt.

– Eg brukar eit par månadar på kvart bilde, sikkert oppi 2-300 arbeidstimar.

I november 2023 hadde Max si første utstilling. Debuten resulterte i 75 selde bilde for ein verdi på til saman 500.000 kr.

Heilt ok inntekt for ein 14-åring.

NRKs kunstkritikar Mona Pahle Bjerke er imponert av den unge kunstnaren.

«Vi ser ein veldig vitalitet og vilje. Så står det litt igjen for å utvikle eit heilt individualisert uttrykk, men guten er jo berre 14 år, så det er veldig lovande.»

Mona Pahle Bjerke

«Club Papiros: Acapulco branch» / Maximus Emrat Dørje

Max har ingen planar om å kvile på laurbæra. Den siste teikninga i rekka er av ein bar på ei takterrasse i New York City.

Og pengane han tener på kunsten – kva skal han gjere med dei?

– Det blir jo ein fin moped, da, seier han.