Hopp til innhold

Kjærleiksbedrageri for millionar brukt på tørrfisk til Nigeria

Tørrfiskeksportør Ole Olsen vart lurt av ein norsk-nigerianar, som no må møte i retten for kvitvasking av nesten 4 millionar kroner.

Ole Olsen, som er daglig leder i SUFI AS

Ole Olsen seier dei har selt eit parti tørrfisk der det viser seg at betalinga var ein del av eit bedrageri.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Ein mann i 50-åra er tiltalt for omfattande bedrageri og kvitvasking.

Ifølge tiltalen er det snakk om 32 bedrageri, og kvitvasking av bedrageri på 2,8 millionar kroner.

Han skal òg ha medverka til kvitvasking av eitt bedrageri på 96.128 dollar, som etter dagens dollarkurs blir rundt 1,06 millionar kroner.

Mannen har ifrå 2019 til 2022 brukt bankkontoane sine til å ta i mot desse bedrageripengane. Vidare har han overført ein del av dei til Nigeria og brukt resten til å kjøpe tørrfisk, som også vart sendt til landet.

Denne tørrfisken kjøpte han av Lofot-bedrifta Sufi AS.

– Det er veldig frustrerande å bli lurt inn i ei sak som denne. Eg tør å påstå at ingen i næringa har strengare retningslinjer enn oss for å hindre nettopp slike saker, og likevel har det skjedd, seier dagleg leiar i Sufi AS, Ole Olsen til NRK.

Det var Fiskeribladet som skreiv om saka først.

Les også Ole (29) kom heim frå London for å hjelpe familiebedrifta: No omset dei for 400 millionar

Ole Olsen, Sufi AS

Kjærleiksbedrageri

Etterforskingsleiar og fagansvarleg for digitale bedrageri og kvitvasking i Agder politidistrikt, Pål Harald Svendsen seier til Fiskeribladet at dei ikkje veit kven som har utført bedrageria.

– Den tiltalte er eit muldyr som har kvitvaska pengane. Tiltalte har oppgitt eit namn til politiet, men det har ikkje vore mogleg å identifisere denne personen, seier Svendsen til bladet.

Den tiltalte mannen er norsk statsborgar, men er opphavleg frå Nigeria. Han er tiltalt etter straffeloven paragraf 337 for grov kvitvasking og må møte i Agder tingrett 13. mai.

Svendsen seier vidare at på generelt grunnlag er slike bedrageri ofte utført av eit utanlandsk organisert miljø. Det er ikkje utenkeleg at miljøet her er frå Nigeria, sidan tørrfisken er sendt dit.

Agder tingrett Arendal.

Den tiltalte mannen i 50-åra må møte i Agder tingrett i mai.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Ifølge etterforskingsleiaren er dette er snakk om «kjærleiksbedrageri».

Det er personar på internett som gir seg ut for å vere ein lege, eller soldat i utlandet og tar kontakt med kvinner på sosiale medium, seier Svendsen til Fiskeribladet.

Kvinnene blir manipulerte eller overtydde om å overføre eitt lån, eller ei gåve til denne personen. I nokre tilfelle så blir dei manipulerte til å tru at dei skal gifte seg med denne personen.

I tiltalen kjem pengane frå ei rekke menn og kvinner med norske namn, samt ein hundeklubb og ein organisasjon.

Les også Fryktet parasitt forvandlet kysttorsk til slimete gelé på få timer: – Svært overrasket

Parasitten Kudoa fører til geléfisk i kysttorsk.

– Auka tal på svindelforsøk

Når det kjem til tørrfisken fekk den tiltalte mannen i oppdrag av bedragarane om å vere eit mellomledd i samband med kjøp og transport av tørrfisk.

Ifølge etterforskingsleiaren bad Sufi AS om godkjente papir på kjøpet og fekk det tilsendt via den tiltalte. Desse papira var forfalska og pengane kom frå eit selskap i Danmark som også var bedratt, skriv Fiskeribladet.

Fiskehjell ved Sufi AS i Lofoten

Sufi AS ligg i Flakstad i Lofoten.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Olsen i Sufi AS skal vitne i Agder tingrett. Han seier dei sel mykje tørrfisk til Nigeria.

– Det er ein relativt stor marknad for tørka hovud, men det er ikkje ein av våre største.

Han seier at det ikkje er første gong bedrifta har opplevd dette.

– Vi ser generelt at talet på svindelforsøk mot bedrifta er aukande.

– Kor vanleg er det at fiskeribransjen blir utnytta i bedragerisaker?

– Det er vanskeleg å seie noko om. Det har vore ein del avsløringar dei seinare åra der dette har skjedd, og då spesielt knytt til Nigeria, seier Olsen.

Ole Olsen vraker tørrfisk

Ole Olsen seier dei har gode rutinar og utfører kontroller på kor pengane for tørrfisken kjem frå.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Han seier det er bra at politiet bruker ressursar på slike saker, slik at ein får rydda vekk desse aktørane. Og forhåpentleg har det ein avskrekkande effekt i framtida.