Hopp til innhold

Norske universitet stansar avtaler med israelske universitet

Fleire store universitet i Noreg har stansa samarbeid med Israel etter krigen i Gaza starta, ifølgje ei NRK-kartlegging. Likevel vil ingen kalle det for ein full boikott.

Gløshaugen

Noregs største universitet, NTNU, har eitt fakultet som har avslutta ei avtale med Israel.

Rundt 1500 tilsette og studentar har signert eit opprop for ein akademisk boikott av Israel.

Dei peikar på at israelske universitet har ei medverkande rolle i krigen, og ønskjer å bryte all samarbeid.

Kort forklart inneber akademisk boikott å bryte alle formelle samarbeidsavtaler med utdanningsinstitusjonar i eit bestemt land. I dette tilfellet Israel.

Samstundes protesterer amerikanske studentar mot krigen i Gaza.

Rektorane og anna leiing NRK har snakka med, vil ikkje kalle det for ein akademisk boikott.

Under følgjer svar frå dei seks universiteta i Noreg som har endra samarbeid med israelske institusjonar denne våren.

OsloMet – storbyuniversitet

Har frose ei utvekslingsavtale med Universitetet i Haifa.

Christen Krogh

Christen Krogh, rektor ved OsloMet.

Foto: Benjamin A. Ward/OsloMet

Styret i universitetet har òg vedtatt at dei ikkje skal inngå nye samarbeidsavtaler med israelske utdanningsinstitusjonar.

Christen Krogh, rektor ved OsloMet seier at det var i februar avtala vart frose, men at det ikkje er ein full akademisk boikott.

Han legg til at samarbeid mellom individuelle forskarar og forskingsgrupper ikkje blir påverka.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

Eit fakultet har frose ei utvekslingsavtale med Bezalel-akademiet for kunst og design i Jerusalem.

Sara Brinch NTNU

Sara Brinch er dekan ved NTNU.

Foto: Elin Iversen

– Ansvaret vi har for å sikre tryggleiken til våre studentar under utveksling gjorde at vi valde å avslutte avtala, seier dekan Sara Brinch.

Brinch seier vidare at Fakultet for arkitektur og design tok avgjerda på eiga hand.

NTNU svarar at universitetet ikkje har vedtatt ein akademisk boikott.

Universitetet i Bergen (UiB)

To fakultet har avslutta utvekslingsavtaler med israelske universitet.

Dekan ved Det juridiske fakultet Karl Harald Høvig

Søvig svarar at han stemde imot å avslutte avtala med universitetet i Tel Aviv.

Foto: Universitetet i Bergen

Dekan ved Det juridiske fakultet, Karl Harald Søvig, seier at fleirtalet i styret valte å seie opp utvekslingsavtala med Universitet i Tel Aviv.

– Avgjerda frå styret grunngav den ekstraordinære situasjonen i Gaza, og den økonomiske støtta til studentar ved universitetet som blir kalla inn til militærteneste.

Søvig seier at han stemde imot å avslutte avtala.

Frode Thorsen

Frode Thorsen, dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design på UiB.

Foto: Bjarte Bjørkum

– Vi fekk informasjon om at akademiet i Bezalel stilte lokala sine til disposisjon for den israelske hæren, svarar Frode Thorsen, dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design.

Thorsen seier at avtala ikkje har vore i bruk sidan 2019. Han påpeikar at det er ikkje ein boikott av israelske studiestader.

UiB seier at dei ikkje har vedtatt ein boikott på universitetsnivå, og at forskarar på universitetet framleis kan samarbeide med israelske forskarar.

Universitetet i Søraust-Noreg (USN)

Har avslutta samarbeidsavtaler med Universitetet i Haifa og Hadassah Academic College Jerusalem.

USNs NYE REKTOR: Pia Cecilie Bing-Jonsson

Pia Cecilie Bing-Jonsson, er rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Foto: Jon Klasbu

– Vi vurderer ikkje dette som ein akademisk boikott, fordi studentar og tilsette framleis kan velje fritt kven dei ønskjer å samarbeide med, både i Israel og elles, seier Pia Bing-Jonsson.

Nord universitet

Har frose utvekslingsavtaler med Universitetet i Haifa og Ben-Gurion Universitetet i Negev.

Rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet

Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen.

Foto: Nord universitet

Dei skriv på sine nettsider at Nord ikkje kjem til å lage nye avtaler inntil vidare.

– Krigshandlingane og den humanitære situasjonen i Gaza er grunnen til at Nord har valt å setje samarbeidet med to israelske universitet til sides, seier Hanne Solheim Hansen.

Nord seier at det handlar om tryggleiken til tilsette og studentar, og ikkje akademisk boikott.

Universitetet i Stavanger (UiS)

Har fjerna ei utvekslingsavtale med Universitetet i Haifa som moglegheit.

Universitetet i Stavanger

Dei opplyser det at det er på grunn av reiseråd frå Utanriksdepartementet.

Etter terroråtaket på Israel 7. oktober og den etterfølgjande krigen i Gaza, frårådde norske styresmakter å reise til Israel.

Ingen direkte samarbeid

Fleire andre universitet NRK har vore i kontakt med seier at dei jobbar med tematikken om akademisk boikott, fordi den har blitt fremma av tilsette og studentar.

NMBU, Universitetet i Agder og Universitetet i Tromsø svarar at dei ikkje har direkte samarbeidsavtaler med israelske universitet.

NHH opplyser at dei har ei utvekslingsavtale med Universitetet i Tel Aviv, som ikkje har vore i bruk i fleire år.

Dei kjem ikkje til å sende studentar på grunn av reiseråd frå UD. Dei seier at det ikkje har vore aktuelt å avslutte avtala.

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo

Rektor ved UiO, Svein Stølen seier akademisk boikott skal diskuterast på neste styremøte.

Foto: Henriette Mordt / NRK

Ved Universitetet i Oslo (UiO) svarar rektor Svein Stølen, at spørsmålet om akademisk boikott vil bli teke opp på neste styremøte i mai.

UiO har ingen overordna samarbeidsavtaler med israelske universitet, men enkelte forskarar ved universitetet er del av internasjonale prosjekt der også israelske forskarar bidreg.

Dei har hatt ein omfattande debatt om akademisk boikott. Fleire tilsette har engasjert seg på begge sider.

Fleire av universiteta opplyser at dei har samarbeid gjennom EU-prosjekt.

Meiner boikottrørsla er aukande

Nadim Khoury er førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet. Han forskar og undervisar i Midtausten-studiar.

Khoury meiner at dei frose samarbeida til universiteta er ein indikasjon på ei ny retning.

Nadim Khoury

Nadim Khoury er førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet, seier at boikottrørsla er aukande.

– Støtta for boikottrørsla er aukande, og det kan kome av frustrasjon over dobbelmoralen mange kjennar på, seier han.

Han peikar på sanksjonane som vart innførte mot Russland etter invasjonen av Ukraina.

Forskaren fortel at akademia speler ei rolle i krigføringa til Israel.

– Det er vanskeleg å peike på rolla til universiteta i denne krigen spesifikt, men det er ingen tvil om at israelske universitet har spelt ei viktig rolle i okkupasjonen, meiner Khoury.

Han viser særleg til at institusjonane jobbar tett med det israelske forsvaret om å utvikle teknologi som blir bruka i krigen.

Rolla til israelske universitet

Men kva for rolle har eigentleg israelske universitet i krigen?

Ifølgje The Times of Israel er 30 prosent av israelske studentar, òg reservistar i den israelske hæren.

Skjermdump frå Universitetet i Tel Aviv

Skjermdump frå nettsida til Universitet i Tel Aviv.

Det vil seie at dei blir kalla inn til militærteneste ved behov.

Tusenvis av universitetstilsette har òg vorte kalla inn.

The Times of Israel skriv at alle israelske universitet har opna for stipend og anna hjelpepakkar for studentar som deltek i krigen.

Det største universitetet i Israel, Universitetet i Tel Aviv opplyser på eiga nettside at over 5000 av deira studentar er reservistar, og oppretta ei pengeinnsamling til støtte for dei.

Universitet i Haifa skriv på eiga nettside, at dei tilbyr fleire stipend til studentar som deltek i krigen.

Dei tilbyr òg eit kurs som skal trene studentar til å vere uoffisielle ambassadørar for politikken i Israel, på nett og andre medium.

Då krigen braut ut i oktober i fjor, opna Bezalel eit nødsysenter for å reparere mellom anna uniformer for soldatar.

AKTUELT NÅ