Hopp til innhold

Ut mot sjakkstjerne etter gambling-video: – Ekkelt og retta mot barn

Sjakkstjerna Hikaru Nakamura si direktesending på ny plattform vekker oppsikt. Fleire reagerer sterkt på det dei meiner er promotering av gambling.

Nakamura

NY VEG: Sjakkspelar Nakamura har blitt kritisert for sitt nye strøymeinnhald.

Foto: Skjermdump: HIikaru Nakamura

Amerikanaren er ein av dei beste sjakkspelarane i verda, men også ein av dei største strøymarane av idretten både på Twitch og YouTube.

Men både på Reddit og X har fleire kritiske stemmer uttalt seg mot Nakamura sitt nye gambling-innhald.

– Dette er ekkelt og det er retta mot barn, skriv sjakkprofilen Michael Duke, kjent under namnet «Mr. Dodgy», på X.

Vedlagt er eit bilde av Nakamura, tilsynelatande midt i ei direktesending som heiter «første gambling strøym». Til venstre i bildet sit sjakkspelaren, mens det til høgre er noko som ser ut som eit fargerikt pengespel.

Og det er ikkje berre «folk på internett» som reagerer. Også ein av dei meir kjente ansikta til sjakken verkar å melde seg på diskusjonen.

Chess - FIDE World Rapid and Blitz Championships 2022

KONTROVERSIELL: Niemann er ikkje nødvendigvis kjent for å la ting passarar i stille.

Foto: PAVEL MIKHEYEV / Reuters

– Eg er optimistisk om å bli nummer éin på Chess.com, ettersom det ser ut til at min største konkurrent er opptatt med å promotere ei uregulert gamblingside til det mindreårige publikummet sitt, skriv Hans Niemann på X i eit innlegg som kan tolkast retta mot Nakamura.

Niemann jaktar på Nakamura i kampen om førsteplassen i lynsjakk på Chess.com.

– Han liker å røre rundt i gryta, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae om Niemann sitt stikk.

Les også Carlsen bekymret – mener det er et mysterium hva som har skjedd med Liren

Carlsen og Liren

– Gåvepakke til kritikarar

Tarjei Svensen, journalist i Chess.com, trur det kan vere skadeleg for Nakamura sitt omdømme dersom han begynner med gambling-sendingar.

Ein kryssar vel ei grense, da. Det å skulle strøyme gambling er jo omstridd. Altså, det er tydelegvis pengar inne i bildet her. Så eg antar at det er det han har gjort. Eg kan ikkje hugse at han har gjort det før. Han har fokusert på sjakk. Og i USA er det vel strenge reglar for det. Nå er han vel i Canada, så eg antar at det er grunnen til at han kunne gjere det, seier Svensen.

Det er jo ein liten gåvepakke til Nakamura sine kritikarar, og der står jo Niemann i front.

Chess - FIDE World Rapid and Blitz Championships 2022

STJERNE: Nakamura er stor på både strøymeplattformer og YouTube.

Foto: PAVEL MIKHEYEV / Reuters

Og den «gåvepakken» resulterte i mykje kritikk, som også gjekk over i sjikane mot Nakamura. Det gjorde at også at nokon kjente for å ta han i forsvar.

– Vi har hatt usemja våre med Hikaru Nakamura tidlegare, og vi kjem til å ha dei i framtida, men kampanjen mot han er urettferdig og hyklersk. Gambling-plattformer har vore promoterte av leiande utøvarar ved ei rekke høve. Det er ikkje tabu, sjølv ikkje for forbund, og heller ikkje individ, skriv Fide-sjef Emil Sutovsky på X.

Etter spørsmål frå ein brukar om tippe- og gambling-plattformer finansierer Fide, legg han til eit kort «nei».

Nakamura er ikkje den einaste sjakkspelaren som har trådd inn i pengespelenes verd. Magnus Carlsen har vore ambassadør for tippeselskapet Unibet.

Les også Hans Niemann ramponerte hotellrom: – Kultiverer imaget sitt som sjakkens nye «bad boy»

Hans Niemann under VM i lynsjakk i Usbekistan

– Viss du ikkje liker det, dropp det

Nakamura har ikkje kommentert kritikken direkte, men mykje kan tyde på at han ikkje har gått nemneverdig inn på sjakkstjerna.

Eit par dagar etter den første gambling-sendinga, la han ut ei melding om at han gjorde det same igjen, og la til:

– Viss du ikkje liker det, dropp det og så ser eg deg tilbake i sjakkverda. Viss du er vaksen og liker litt «gamba», kom på besøk, skriv han på X.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Nakamura via e-post, men har foreløpig ikkje fått svar.

null
Spiller nå
Tester rulleski for første gang: – Er det verre enn å hoppe i fallskjerm i Kompani Lauritzen? 01:04
Neste

Siste nytt

  • Leeds til opprykksfinale

    Leeds ble nummer tre i den engelske mesterskapsserien, og dermed best av lagene som ikke rykket direkte opp til Premier League.

    Nå har laget skaffet seg en ny mulighet for retur til det øverste nivået. Etter en knallsterk 4-0-seier over Norwich torsdag kveld, er de hvite klare for opprykksfinalen på Wembley 26. mai. Der møter de enten Southampton eller West Bromwich.

    Ilia Gruev slo an tonen med Leeds' første scoring etter sju minutter. Deretter sørget Joël Piroe, Georginio Rutter og Crysencio Summerville (bildet) for en etter hvert meget komfortabel seier.

    Leeds United's Crysencio Summerville celebrates scoring their fourth goal with Georginio Rutter and teammate
    Foto: Jason Cairnduff / Reuters
  • Norsk VM-tap for Canada

    Norge ble som ventet et nummer for små i torsdagens kamp mot Canada i ishockey-VM.

    Brandon Tanev og Andrew Mangiapane sørget for 2-0 til Canada, før Stian Solberg ga Norge et lite håp med sin redusering 2.47 ut i tredje periode.

    Men Dylan Cozens og Jared McCann sørget for at det til slutt ble en meget komfortabel Canada-seier.

    Norge står dermed med tre tap og én seier i mesterskapet som spilles i Tsjekkia.

    Norge har igjen kamper mot Østerrike (søndag) og Storbritannia (mandag) i puljespillet, men selv to strake seirer vil trolig ikke holde i jakten på kvartfinale.

    o2njvbXAqHI
    Foto: Michal Cizek / AFP
  • Cecilia Brækhus bekrefter ny tittelkamp

    Cecilia Brækhus (42) avslører overfor Nettavisen at hun trolig skal møte slovenske Ema Kozin (26) til kamp om WBC-beltet i super weltervekt.

    Brækhus møtte i fjor Terri Harper i VM-kampen i WBO, der det endte uavgjort. Siden har Harper valgt å gå ned en vektklasse.

    Overfor Nettavisen bekrefter Brækhus at Kozin er neste motstander om sloveneren velger å stille opp. Hun må gjøre det for ikke å miste beltet automatisk.

    Brækhus var ubeseiret i weltervekt helt til hun tapte to ganger for Jessica McCaskill i 2020 og 2021. Av hennes 39 kamper har 28 stått om VM-titler. I weltervekt holdt hun tittelbeltene i WBA, WBC, WBO, WPB og IBF.

    (NTB)

    anRQIZ2pwYw
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal