Hopp til innhold

Linni sel kaker frå eige kjøkken – konditor er skeptisk

Kva veit du eigentleg om kjøkkenet der kaka du har bestilt blir laga?

Linni Marie Sølsnes lager kake. Her rører hun sammen noe i en bolle.

HOBBYBAKAR: Linni er ein av mange som no baker og sel kaker frå det private kjøkkenet sitt som er godkjent av Mattilsynet. Men har dei alle reint mjøl i posen?

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Vi har ei Facebook-gruppe. Der er det mange som spør etter kaker og det kjem fleire innlegg kvar veke, seier Linni Marie Sølsnes.

Inne på kjøkkenet hennar i Malvik baker ho kaker for alle anledningar. Fleire og fleire privatpersonar har begynt å bake kaker på bestilling frå kjøkkenet sitt heime.

Linni Marie Sølsnes lager kake. Her ordner hun på noe av pynten som skal være på toppen av kaka, nemlig en figur av en baby.

Folk spør etter kaker til alle høve. Bryllaup, konfirmasjon og dåp.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Bestillingane renn inn til dåp, bryllaup og konfirmasjonar. Trenden er at kakene skal vere spesielle.

– Bunadskaker har tatt seg opp i løpet av nokre år. Broderiet på vesten og sølja skal vere på plass.

Linni Marie Sølsnes

Når må du registrere seg? Det er noko du må vurdere. Linni på si side har fått godkjent kjøkkenet sitt av Mattilsynet.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Veit ikkje noko om kaka

– Dei tenker ikkje på at dei ikkje veit noko om det kjøkkenet der kaka blei laga, seier konditor Elin Vatnar Nilsen.

Lenge har ho stilt spørsmål ved om alle dei som sel kaker frå dei private kjøkkena sine har heilt reint mjøl i posen.

Elin Vatnar Nilsen

Konditoren vil at du skal tenke seg om før du kjøper kaker av venninna til naboen.

Foto: Privat

Om du er i ein konfirmasjon og ser ei fin kake så tenker du kanskje at du også må ha den kaka.

– Eg vil at dei som tenker å kjøpe ei kake frå venninna til naboen skal stille spørsmåla: Betaler du skatt? Har du eit godkjent kjøkken?

Om svara på desse to er ja:

– Fint! Då er det i orden. Eg kjøper av deg. Om ikkje; sei nei takk.

Til orientering er Linni sitt kjøkken godkjent av Mattilsynet.

Linni Marie Sølsnes lager kake. Her lager hun noe av pynten som skal på kaka. En babyfigur og et blått teppe.

Jo meir eksklusiv, jo betre. Mange spør etter kaker med mange detaljar.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Tilfeldig omsetning

– Det kan nok hende at mange ikkje er merksame på at dei skulle vore registrert, seier Randi Edvardsen.

Ho er seniorrådgjevar i Mattilsynet og seier at hensikta med regelverket er at forbrukarane skal vere sikra trygg mat.

For når må ein eigentleg registrere seg?

Om du har bakt sjokoladekake til nevøen din så kan du ta det heilt med ro.

– Viss ein baker ei kake kallar vi det tilfeldig omsetning og du treng ikkje registrere deg.

– Men viss du annonserer på sosiale medium at «eg tilbyr kransekake til din konfirmasjon», folk kan ringe og bestille, og det begynner å bli regelmessig – då skal du registrere deg.

Les også De beste kakene til konfir­masjons­festen

Sammensatt bilde av fire forskjellige kaker. Suksessterte, firkløverkake, bringebærkake og ostekake.

Skatteetaten seier at om det er ein hobby er det skattefritt. Men om du tener pengar på det må du vurdere om det er ei næringsverksemd.

Det er opp til deg som baker å ta denne vurderinga sjølv, men Skatteetaten kan hjelpe og svare på spørsmål.

Les også Sarah elsker Temu: – Jeg er hekta!

Sarah har mørkeblondt hår i to musefletter. Hun smiler til kamera.

Plukkar opp trendar

Konditor Elin Vatnar Nilsen forstår likevel for kvifor folk bestiller frå hobbybakarane.

– Hobbybakarane er fremst i skoen på å plukke opp trendar frå utlandet. Og eg skjønner at folk vil ha det som er heitast no.

Les også Har studert over 1000 konfirmasjonsbilder – dette er likhetene

konfirmasjonsbilder

Gunnar Bakke i Baker- og konditorbransjen si landsforeining ønsker berre at det skjer i regulerte former.

– Det er mange krav for at vi skal drive ein seriøst og trygg produksjonsstad. Den biten blir svekt viss publikum og forbrukarane i aukande grad går andre stader for å kjøpe produkta sine utan at det blir registrert.

Les også Dette får TikTok vite om Pernille når hun bruker appen

Pernille HUnnes