Hopp til innhold

Denne «pulsklokka» kan varsle depresjon to veker før anfallet kjem

Rørsler kan vise bipolare når eit anfall er på veg. Ny norsk forsking vil varsle gjennom app.

røyrslemålar

Ved hjelp av ein slik røyrslemålar har forskarane klart å identifisere signalet hjernen sender ut når eit anfall er nær.

Foto: Oddgeir Øystese

Forskarane i Helse Bergen og Universitetet i Oslo har klart noko forskarar har prøvd på i mange år.

Ut frå endringar i røyrslemønsteret kan dei no sjå når eit menneske med bipolar liding vil få eit sjukdomsepisode.

– To veker før anfallet kan vi varsle at det kjem. Då er det mogeleg for pasienten å ta grep for å unngå det aller verste, seier Petter Jakobsen ved Psykiatrisk klinikk i Sandviken i Bergen.

Har klart å identifisere signalet

Den er som ei pulsklokke, men måler rørslene til den som har den på armen.

Det vesle apparatet er og nøkkelen til å kunne forstå meir om korleis energien i kroppen endrar seg når noko er i ferd med å skje i hjernen.

På skjermen på kontoret til Jakobsen på sjukehuset kan han lese av rørslemønsteret korleis tilstanden er i sinnet til ein pasient.

Grafer som viser bevegelser

I den nedste grafen er det eit røyrslemønster som viser depresjon. Det øvste varslar mani, altså at ein er unormal høgt oppe. Grafen i midten viser normalt røyrslemønster.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Manisk, symptomfri og deprimert. Slik skildrar forskaren dei tre grafane som er henta frå tre ulike dagar på same person.

– Vi har klart å identifisere signalet frå hjernen som seier noko om kva som vil skje.

Målet er å utvikle ein app eller noko programvare. Noko som folk kan ha på telefonane sine.

Petter Jakobsen rådgjevar og PhD-kandidat i Helse Bergen
Svein Nygaard

Svein Nygaard har levd heile livet med bipolare lidingar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det djupe mørkeret

Det er samla femti prøver frå pasientar som har gått med rørslemålaren og delteke i forskingsprosjektet til Jakobsen.

Mellom dei er Svein Nygaard. Heile livet har han levd med ei bipolar liding.

– Det er høge toppar, og enormt djupe dalar, seier mannen som har blitt erfaringskonsulent og sjølv jobbar i psykiatrien.

– Når eg er langt nede er det så svart at det er vanskeleg for folk å forstå

Ekspertar trur at kring ein til 2 prosent av alle i Noreg har ei bipolar liding. Gruppa er kraftig overrepresentert på sjølvmordsstatistikken.

– Dette vil bety veldig mykje for dei med diagnosen, trur Nygaard.

– Slike sjukdommar vises jo ikkje på eit røntgenbilete.

70-åringen seier det er særs individuelt kva grep ein treng og ta om ein veit at ein depresjon er på veg.

For somme kan det vere trening, sosialt samvære eller aktivitetar som gjer ein glad. For andre kan det handle om sjukemelding eller medisinbruk.

Svein Nygaard

Svein Nygaard er no tilsett i psykiatrien, og jobbar med andre menneske med bipolare lidingar på Kronstad DPS i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Patent og mogeleg revolusjon

Forskar Petter Jakobsen seier det har vore ei enorm internasjonal merksemd kring etter at resultata vart publisert i eit kjend tidsskrift.

Dei har søkt om patent på metoden. Ikkje berre for å avdekke anfall hjå bipolare, men og for dei som har diagnosane depresjon og schizofreni.

Jakobsen peiker på at dei må forske meir. Metoden må testast ut på fleire menneske.

Men resultata er så lovande at Jakobsen tørr å tru på at dette er eit gjennombrot.

– Det er eit hjelpemiddel for folk å ta kontroll over liva sine. Eg vil skildre det som revolusjonerande for dei med bipolare lidingar.

Les også Hvilken søvnpersonlighet har du? Forskere deler oss inn i fire ulike grupper

Mann sover i en lenstol.